Benjamin Bj. Anda vart fødd på Hommersåk i Sandnes kommune 17. august 1993. Han har budd på Bryne sidan påskehøgtida 2004.
I niande klasse vart han invitert med i ei huskyrkje knytt til ImF-Bryne og bedehuset Saron. Han byrja her fast, og har gått der sidan – no er han forøvrig leiar i ei anna huskyrkje.
Han arbeidar i Den norske kyrkja som kyrkjetenar.
I 2009, cirka ein månad før stortingsvalet melde han seg inn i KrF/KrFU og vart på årsmøte i Rogaland KrFU same år vald inn i fylkesstyret kor han framleis sit. Han er au aktiv i Time KrF som KrFU-representant i styret og i ulike nemnder og komitear. Han er 2. vara til kommunestyret for Time KrF etter valet 2011.
Han er au medlem i foreininga For Bibel og Bekjennelse(FBB) og er oppteken av Kyrkjas tilhøve til Bibel og vedkjenningsskrifter. Han er medlem i Den norske Kyrkja og fosøkjer å fremje eit konservativt Bibelsyn inn i den snart liberale kyrkja. Han er evangelisk-luthersk-katolsk Jesusetterfølgjar i følgje seg sjølv og han har ei høgkyrkjeleg tilknyting og likar liturgi – han er medlem i Kirkelig Fornyelse og oppteken av økumenikk. Han er ikonven.
Han er au aktiv i Norges Kristelige Student- og skoleungdomslag(Laget/NKSS) og er leiar i Laget på Bryne vgs. og har delteke på generalforsamling og andre nasjonale samlingar.
Han er veldig glad i sosialt samkvem, og er ofte å finne med vener frå forsamlinga han er med i, Bedehuskirken. Samstundes er han glad i sitt eige selskap til dømes på toppen av Tinghaug med Bibel og tidebønbok.
Han er glad i lesing, turar i skog og mark, jogging, mat med meir, og ikkje minst men viktigast han elskar Jesus Kristus.
I framtida er planen å flytte til Vestlandets hovudstad, Bergen og der studere teologi. Han ynskjer å verte prest – men i kva kyrkje – det er eit godt spørsmål. Tida vil syne kor han hamnar opp.