Ikonven?

Ikona er ikkje heilage i seg sjølv, men i kraft av kva dei syner til - Kristus Jesus!

Du lurer kan hende på kvifor eg har vald å kalla bloggen min for Ikonvenen? Her skal eg forsøkje å gjeva eit svar.

Biletet eg har øvst på sida mi er teke av eit ikon eg har på veggen min, det syner apostelen Tomas(Tvilaren) som tek fingrane inn i Jesu skadar etter krossfestinga og oppstoda. Kring dei finn du resten av apostelflokken. Eg tykkjer dette kan symbolisere bloggen min og meg på ein fin måte, eg kan summera det opp i nokre punkt;

  • Den oppstadne Jesus Kristus er i sentrum, det vil eg Han skal vere i mitt og bloggens liv au
  • Apostlane er kring Han, det er apostlane eg vil ta lærdom frå – dei kristne før oss er kan henda dei med best kunnskap til Kristus og Kyrkja
  • Tomas tvila, det kan eg au gjere til tider
  • Det heile er måla som ikon, og sidan eg er ikonven kan det jo søma seg
Men attende til nemninga ikonven. Eg las i sommar og las ferdig i haust boka Duften av de hellige av Peter Halldorf. Denne boka talar mykje om tradisjonar som kjem frå oldkyrkja og apostlane si tid. Her kom au ikonmålinga, dei heilage bileta. Dei er ikkje heilage i seg sjølve, men i kraft av kva dei syner til – Kristus Jesus. Ikonvenene var dei som heldt ikona for heilage og såg på ikona som vindauge til det guddomelege. Desse kom i strid med dei som meinte at ikonmåleria var avgudsbilete og mange ikon vart øydelagt kring 700-800-talet – interessant lesnad. I kraft av at eg har stor sans for ikona både som heilage bilete, sjølve biletkunsten og som symbolsk vakre vel eg å kalla meg sjølve ikonven – derav namnet. Ikona kjem til å følgja bloggen ofte – eg har sjølve ein del ikon på mitt rom, og kjem nok til å nytte dei i blogginga.
(Kan au refere til denne korte bokmeldinga om Duften av de hellige – som seier litt kort om ho - eg vil samstundes anbefale boka på det varmaste.)

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s