Dette er fyrste del av ein serie eg har sett og som eg stundom ser igjen. Vil anbefale han på det sterkaste, og heile serien ligg på YouTube.
Det handlar om fem vanlege menn frå ulike samfunnslag som flytter inn 40 dagar i kloster. Her skal dei vere med på klosterlivet, stilleiken, tidebøner, messer og bibelstudium med meir og sjå om det er noko å ta med i kvardagen. Siste episode fortel au om korleis det har gått med dei, og det er fint tykkjer eg at BBC har gått med på å eigentleg la benediktinermunkane få misjonere og fortelje om Gud samstundes, på nasjonalt fjernsyn. Og flott å sjå korleis det forandra menneska, han er ein flott mann av Gud, abbed Christopher Jamison, har to bøker av han eg skal lese i nær framtid – ser fram til det.
Har fått sans for klosterlivet i det siste, trur vi kan lære mykje av munkar og nonner som brukar livet på å søkje Gud og be m.m. Trur eg vil sjå nærare på det.
Til slutt vil eg au nemne denne serien:
Det er den same abbeden som no forsøkjer å ta det ut i dagleg livet, stilleik. Interessant og au sjå korleis menneska her tek det.


