Innsetjing av ny generalsekretær

http://bambuser.com/channel/Laget%20NKSS/broadcast/1350690

Her er innsetjingsgudstenesta av ny generalsekretær i Laget – Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Tor Erling Fagermoen. Eg sat å såg på denne cirka samstundes som ho gjekk føre seg i Oslo på sundag, det var godt å få med seg.

Ver med i bøn for Tor Erling og familien – og Lagsarbeidet i Noreg, og på Bryne videregåande!

Trist kommentar

http://www.vl.no/samfunn/article107649.zrm

http://www.op.no/nyheter/article5420202.ece

Eg refererer til lenkene ovanfor.

Det er trist å lese at skuleleiinga vil leggje ned verksemda som skulelaget på denne skulen har, det er trist – og ekskluderande. Skuleleiinga meiner at skulelagets verksemd er lite innkluderande, sist eg sjekka er ingen tvungne inn på møta. Eg tykkjer det er på grensa, om ikkje over grensa til forkasteleg. Og det at Human-etisk forbund er intervjua om saka er jo berre tull, kva har dei med dette å gjere – vi veit jo at dei ikkje er perlevener med Lagsrørsla, for å putte det slik. Det er mykje ein bør kutte ut i skulen om skulelaga er eksluderande – då bør heller ikkje korps og andre slike organisasjonar få låna skulens lokale, for korps er jo eksluderande, men dei fær vel lov, dei trur jo ikkje “offisielt” på Jesus og har Han som “hovudtema”…

Eg oppmodar til forbøn for Tjodalyng barne- og ungdomsskole sitt skulelag, og heile den norske Skulelagsrørsla. Det stend jo trass alt skrive i Skrifta at vi skal verte forfylgja, så ein kan jo tolke det slik – vi får vel vere takksame for at det ikkje gjeng lengre, vi må au be for dei som ikkje får drive fri kristen verksemd verda over. Be au om at skuleleiinga ved Tjodalyng gjer om vedtaket, og send gjerne ein e-post til skuleleiinga ved denne skulen – det kjem eg til å gjere.

Signa fjerde sundag i Advent forresten  - snart kjem Kongen!