No i skrivande stund sit eg på kommunestyremøte i Time rådhus, her der det matpause før ein byrjar skikkeleg – det er fleire interessante saker på kartet i dag. Mellom anna om Vinmonopolet får løyve til å flytta til eit mykje større kjøpesenter med meir.
No er det under ei veke til kommune- og fylkestingsvalet. Eg ser med spaning og forventning til denne dagen – den 12. September. Det er ein framtidsavgjerande dag for meg og for mange andre, ja i grunn alle landets kommunar – eo ipso heile landets innbyggjarar. For nokon er det nok litt ekstra spanande på sett og vis – meg sjølve inkludert. Årsaka til dette er at eg saman med mange andre no stillar til val og søkjer eit verv i kommunestyret her i Time. Eg ynskjer å vere folkets tenar om eg då vert vald inn i kommunestyret og vil gjere mitt for at timebuen skal ha ein god kommune å bu i.
Det er spanande og gjevane å engasjere seg i lokalpolitikken i eins eigen kommune, det er her mange viktige saker vert avgjorde. Eg gler meg til å kanskje få vere med på å påverke viktige saker.
Lokalt i Time kommune kjempar vi i KrF sterkt for å få ein ny vidaregåande skule lagd til kommunen, den trengst sårt – og vi vil halde fullt trykk på å få denne skulen. Det er ei spanande sak som ein kan lese meir om på jbl.no til eksempel. Elles er det mykje kommunen bør gjere i høve til dei yngre, ungdomen treng vere-plassar og det må kommunen leggja til rette for. Dette er berre nokre av dei viktige saker i Time kommune som ein au kanskje har til felles med andre kommunar.
Til slutt vil eg ynskja dykk eit godt val og ein god haust med spanande politiske forandringar i kommune-Noreg. Røyst gjerne KrF.
- Benjamin Anda, ungdomkandidat for Time KrF
