En god venninde av meg skrev i mai om voldelige filmer og dets påvirkelse. Det er et viktig tema som en også kan knytte opp mot videospill. Det gav meg en liten vekker…
Kategoriarkiv: Kommentar
Om islamfiendlighet og sånn
Jeg og fire andre har i dagens Jærblad uttrykt vår uro knyttet til SIANs etbalering i Rogaland og særlig den nye lederens kommentarer i ett dobbeltsidig oppslag i mandagens Jærblad. Les det om du kan.
Mistak av KrFU-leiaren…
Kommentar:
http://www.vl.no/kristenliv/article113376.zrm
Vel – eg meiner at her er det Løland, KrFU-leiaren som bommar totalt, for å nytte sitert uttrykk- Aud Kvalbein har diverre rett. Eg er sjølv medlem i KrFU og aktiv som m.a. fylkesstyremedlem i Rogaland KrFU og eg ser at KrFU(sentralt) diverre på sett og vis har spelt ei stor rolle heilt sidan 70-talet med å forsøkje på å få bort vedkjenningsparagrafen og få bort det som for meg er ein del av fundamentet, og au forsøkt med eit totalskilje mellom kristendom og politikk. Eit parti som KrF korkje kan eller bør skilje dette totalt, eg har sagt det før men det er framleis ei skræmande utvikling - vert spanande mot landsmøtet i april/mai. Eg vil au seie at Aud Kvalbein er strålande i det ho gjer, ho tok fram mange gode poeng på ein konferanse i Kr.sand førre helg – dette kunne ein lese om på s. 4-5 i DagenMagazinet på måndag(eller tysdag).
Dagens oppmoding:
Hald på vedkjenningsparagrafen og fundamentet til KrF.
LLH-sukk…
Kommentar:
Rektor Wågen Sæther gjer det HEILT rette. Det er inga menneskerett for ein organisasjon å leige ein kristen folkehøgskule om dei driv ei verksemd som strid totalt i mot det skulen sine verdiar og tru er.
Skeiv Ungdom, og Landsforeininga for Lesbisk og homofil frigjering må slutte å klage, det finnest nok ein frilyndt folkehøgskule au på Sunnmøre som dei kan leiga, ein må somme gonger akseptere eit nei.
Om så skjer at Staten høyrer på LLH angåande dette med at Borgund bør mista statsstønaden, då syner det ei total einsretting av samfunnet – staten skal kontrollere alt som krypa og gå kan – det vil minne litt om eit totalitært land med hjernevasking som ein del av sine prioritetar.
Stå på Sven Wågen Sæther og Sunnmøre Indremisjon, stå opp mot LLH, og staten om det kjem så langt!
Blogginnlegg til ettertanke
http://oleneaarsland.blogspot.com/2010/11/hvor-er-korset.html
Kanskje ein bør ta dette med seg…
Eg snubla over denne bloggen i dag, og eg kjenner eg er tildels/ganske einig i det Olene trekk fram her, ikkje noko vondt ord om dei nemnde bloggarar og talarar, tvert i mot – men eg trur ikkje Frelsa – Kristi gjerning på Krossen må takast bort frå forkynninga, og erstattast av rein opplevingsforkynning kor Bibelen ofte er tilsidelegen – lat oss ta dette med, alt handlar ikkje om opplevingar – men au om Kristi Evangelium.
Godt nytt år forresten – eg lovar å skrive meir i år enn i fjor, eller – eg lovar å forsøkje å skrive meir i år enn i fjor.
Guds signing ynskjast for deg i det nye året,
Trist kommentar
http://www.vl.no/samfunn/article107649.zrm
http://www.op.no/nyheter/article5420202.ece
—
Eg refererer til lenkene ovanfor.
Det er trist å lese at skuleleiinga vil leggje ned verksemda som skulelaget på denne skulen har, det er trist – og ekskluderande. Skuleleiinga meiner at skulelagets verksemd er lite innkluderande, sist eg sjekka er ingen tvungne inn på møta. Eg tykkjer det er på grensa, om ikkje over grensa til forkasteleg. Og det at Human-etisk forbund er intervjua om saka er jo berre tull, kva har dei med dette å gjere – vi veit jo at dei ikkje er perlevener med Lagsrørsla, for å putte det slik. Det er mykje ein bør kutte ut i skulen om skulelaga er eksluderande – då bør heller ikkje korps og andre slike organisasjonar få låna skulens lokale, for korps er jo eksluderande, men dei fær vel lov, dei trur jo ikkje “offisielt” på Jesus og har Han som “hovudtema”…
Eg oppmodar til forbøn for Tjodalyng barne- og ungdomsskole sitt skulelag, og heile den norske Skulelagsrørsla. Det stend jo trass alt skrive i Skrifta at vi skal verte forfylgja, så ein kan jo tolke det slik – vi får vel vere takksame for at det ikkje gjeng lengre, vi må au be for dei som ikkje får drive fri kristen verksemd verda over. Be au om at skuleleiinga ved Tjodalyng gjer om vedtaket, og send gjerne ein e-post til skuleleiinga ved denne skulen – det kjem eg til å gjere.
Signa fjerde sundag i Advent forresten - snart kjem Kongen!
Abortproblematikk, på nettet
Eg hadde ingen planar om at denne statusen eg skreiv på Facebook – etter å ha sett eit nyhendeinnslag om prøvar gravide kunne taka tidleg i graviditeten for å sjå om barnet hadde feil og manglar, som dette samfunnet ville kalla det, eg kallar det beriking og mangfald – skulle taka så mykje flamme. Uansett, her er statusen, og eg vil etterfølgje dette med ein del kommentarar:
, ser på TV2-nyhenda, det er forkasteleg med mange av desse prøvane gravide kan ta for å sjå om barna har downs syndrom for eksempel – heilt horribelt kva slags menneskesyn som florer i dei fleste land! Eg blir direkte sint og lei av at ein skal abortere(i praksis drepe) barna sine for at ein sjølve vil ha det mest behageleg!
Eg har eit brennande engasjement for det ufødde barnet, eg vil at det skal få leva. Difor byrjar eg mest å græta når eg ser på fjernsynet eller høyrer om abortar, eller ting som gjer det lettare å ta abort, og desse prøvane eg nemnde. Eg vil kjempa med nebb og klør for barnets rett til liv! Difor blir eg lei meg når folk kallar meg dømande fordi ein meiner eg ikkje bryr meg om dei kvinner som har teke abort – det vil eg ha med fråbede! Eg meiner vi sjølvsagd skal hjelpe og bearbeide den lidinga som dei som har teke abort har, men eg korkje kan ikkje, og eg vil ikkje oppmode til abort, og heller ikkje stogge med å tale om det!
Dei reaksjonar som er komne har vore at eg er ein dømande person, at eg “mobbar” dei kvinner som har teke abort, at eg er lite nyansert, og at eg ikkje kan meine noko om dette ettersom eg aldri kjem til å taka abort. Det verkar som om mange helst vil at eg skal halda kjeft om abort – men det kan eg som sagt ikkje! Eg takkar hjartans for kvar ei kvinne som ber fram barnet, og dei som har støtta meg på m.a. Facebook!
Vi som samfunn, og regjeringa må gjere det lettare og betra tilhøva for unge gravide! Abort og fjerning bør ikkje vere ei løysing, abort er som å feie noko under teppet – det vil alltid gnaga. Og er det heilt utenkjeleg å få born, finnest der noko kalla adopsjon…
Til oss kristne, vi må taka med det kjære Guds barn som ligg i kvar ei gravid kvinnes mage inn i bøna vår, og au den kvinna som ber barnet så klart!
Eg er nok ikkje ferdig med abortspørsmålet på bloggen med dette.

