Sommaren nærar seg slutten…

Det er med blanda kjensler eg i dag går inn i den siste helga av sommarferien 2011. Det har hendt mykje, og eg vil i korte epistlar her forsøkje å nemne noko som har hendt i sommar, og litt anna ymse. Seinare i dag kjem eit anna innlegg, men av annan kaliber og tematikk.

1. Tsjekkiamisjonen 2011
Vi var likeeins som i fjor samla ein gjeng i frå ulike forsamlingar(Bedehuskirken, Messiaskirken og ImI-kirken) for å reise saman i regi av IMPULS til Tsjekkia med det som overordna mål å vinne nye for Kristus. Vi har eit samarbeid med den Silesiske Luthersk Kyrkja, aust i Tsjekkia – ei tradisjonell og god gamal luthersk kyrkje der nede. Vi hadde undervisning om Noreg på skulane, evangeliseringseventer og sosialt samkvem med våre tsjekkiske systrer og brør – vi er vorte samansveisa. Attåt dette kan au nemnast at eg var igjen ei ekstra veke og fekk oppleve mykje – om eg skriv meir om dette veit eg ikkje.

2. Familieleiren til Kyrkjeleg Fornyiing på Åpta
Eg var som eg har skrive om i innlegget nedanfor på familieleir med Kyrkjeleg Fornyiing på Åpta Misjonssenter. Les meir om dette nedanfor.

3.  Ung Landsmøte(UL) 2011
Eg var for fyrste gong på UL i regi av ImF-UNG og NLM-UNG i Kongeparken. Eg reiste saman med nokre veldig gode menneske og hadde sosialt sett ei veldig god tid. Likeeins var der spanande og interessante tema som vart tekne opp, temaet var Sanning. Eit viktig tema – og gode bibeltemar ved Leif Nummela, det sette eg pris på. Dei kan ein au sjå på veven. Berre å søkja han opp på vimeo.com, eller å gå inn å leite på itro.no / nlmung.no.

4.  Åndeleg reise

Eg har i sommar og eigentleg ei stund dette året byrja på ei lita åndeleg færd for å finne mi tilhøyrsle og ulike ting som er vanskeleg å forfatta ned. Eg er vorte ein ikonven og bibelven mellom anna, og finn hugnad i katolske, nordisk-katolske og lutherske messer – og ikkje minst har ønelivet mitt vorte rikare og fått ein større plass i livet mykje takka vere tidenbøn. Spanande ting skjer, som er vanskelege å forklare og sidan eg er i byrjinga av færdi mi, vil eg ikkje seie for mykje heller.

5. Politikken
Til hausten stiller eg til val for Time Kristeleg Folkeparti – KrF – eg stend på 5. plass på lista og ser ikkje bort i frå at eg kan hamna i kommunestyret. Politikk er vorte meir spanande, sjølv om det gjeng litt i bylgjedalar.

Eg har attåt dette fengje ny gjevnad til å blogga, nynorsk og riksmål litt om einannan sannsynlegvis. Bloggen vil framhelda med kristendom, politikk og kvardagslege ting som hovudtema. Eg set au pris på ynskjeinnlegg – er det noko du vil eg skal skrive meir om? Eller noko du vil eg skal fortelje om meg sjølv kan du jo spandere deg ein kommentar med ynskje i – ver helst ikkje anonym, men det skal vere lov det au.

LLH-sukk…

Kommentar:

http://www.dagenmagazinet.no//Nyheter//Innenriks/tabid/248/Default.aspx?ModuleId=70511&articleView=true

Rektor Wågen Sæther gjer det HEILT rette. Det er inga menneskerett for ein organisasjon å leige ein kristen folkehøgskule om dei driv ei verksemd som strid totalt i mot det skulen sine verdiar og tru er.

Skeiv Ungdom, og Landsforeininga for Lesbisk og homofil frigjering må slutte å klage, det finnest nok ein frilyndt folkehøgskule au på Sunnmøre som dei kan leiga, ein må somme gonger akseptere eit nei.

Om så skjer at Staten høyrer på LLH angåande dette med at Borgund bør mista statsstønaden, då syner det ei total einsretting av samfunnet – staten skal kontrollere alt som krypa og gå kan – det vil minne litt om eit totalitært land med hjernevasking som ein del av sine prioritetar.

Stå på Sven Wågen Sæther og Sunnmøre Indremisjon, stå opp mot LLH, og staten om det kjem så langt!

50 års markering

Eg har i dag gjenfortalt denne leiarartikkelen frå bladet Heimemisjonen, den tykte eg var god – og viktig, så eg fekk krinsleiaren i Sunnmør Indremisjon til å sende han over nettet – takk for det.

Leiar i Heimemisjonen nr 13/10

Av Karl Arne Austnes, krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon

11. november i år var det 50 år sidan den første abort-lova vart vedteken i Stortinget. Vi markerer såleis eit anti-jubileum i desse dagar. For det er ingen grunn til å juble over dei ulike abortlovene vi har hatt desse åra, snarare er det grunn til sorg og ettertanke.

Bibelen seier klart at mennesket er skapt i Guds bilde og har eit ukrenkeleg menneskeverd. Dette menneskeverdet gjeld også fosteret, i salme 139 ,16 står det: ”Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen.”. I vers 13 i same salmen står det at Gud har forma oss i mors liv. Dette gir oss som kristne eit klart mandat til å kjempe mot abortlova og for at borna skal få leve.

Spørsmålet om abort er ikkje lett og mange kvinner vert utsett for eit umenneskeleg press, men vi finn det rett å minne om at ein ikkje må løyse sosiale problem med å ta liv. Difor må vi som kjemper for fosteret sitt rettsvern også vere truverdige på den måten at vi ikkje er seine med å hjelpe vanskelegstilte gravide som vel å føde barnet. Vår oppgåve er ikkje å fordøme og vende oss bort frå jenter som blir gravide utanfor ekteskap, men å hjelpe dei å ta hand om barnet. Det er også viktig at vi er tydeleg på det ansvaret barnefaren og andre rundt kvinna har for at fosteret skal få leve.

Det er lett å bli passiv og resignert i denne saka, vi blir så fort opptatt av ”måten” kampen vert ført på og slik trekkjer vi oss unna. Difor vi eg nytte høve til å takke tidlegare sokneprest Børre Knutsen for hans utrettelege kamp for barnet i mors liv. Han var den første som tok konsekvensen av den ugudelege lova og trekte tilbake den statlege embetseden sin. For dette har han måtte tole fengsel og mykje motgang, men i eit historisk perspektiv lyser det av den innsatsen han har gjort.