Abortproblematikk, på nettet

Eg hadde ingen planar om at denne statusen eg skreiv på Facebook – etter å ha sett eit nyhendeinnslag om prøvar gravide kunne taka tidleg i graviditeten for å sjå om barnet hadde feil og manglar, som dette samfunnet ville kalla det, eg kallar det beriking og mangfald – skulle taka så mykje flamme. Uansett, her er statusen, og eg vil etterfølgje dette med ein del kommentarar:

, ser på TV2-nyhenda, det er forkasteleg med mange av desse prøvane gravide kan ta for å sjå om barna har downs syndrom for eksempel – heilt horribelt kva slags menneskesyn som florer i dei fleste land! Eg blir direkte sint og lei av at ein skal abortere(i praksis drepe) barna sine for at ein sjølve vil ha det mest behageleg!

Eg har eit brennande engasjement for det ufødde barnet, eg vil at det skal få leva. Difor byrjar eg mest å græta når eg ser på fjernsynet eller høyrer om abortar, eller ting som gjer det lettare å ta abort, og desse prøvane eg nemnde. Eg vil kjempa med nebb og klør for barnets rett til liv! Difor blir eg lei meg når folk kallar meg dømande fordi ein meiner eg ikkje bryr meg om dei kvinner som har teke abort – det vil eg ha med fråbede! Eg meiner vi sjølvsagd skal hjelpe og bearbeide den lidinga som dei som har teke abort har, men eg korkje kan ikkje, og eg vil ikkje oppmode til abort, og heller ikkje stogge med å tale om det!

Dei reaksjonar som er komne har vore at eg er ein dømande person, at eg “mobbar” dei kvinner som har teke abort, at eg er lite nyansert, og at eg ikkje kan meine noko om dette ettersom eg aldri kjem til å taka abort. Det verkar som om mange helst vil at eg skal halda kjeft om abort – men det kan eg som sagt ikkje! Eg takkar hjartans for kvar ei kvinne som ber fram barnet, og dei som har støtta meg på m.a. Facebook!

Vi som samfunn, og regjeringa må gjere det lettare og betra tilhøva for unge gravide! Abort og fjerning bør ikkje vere ei løysing, abort er som å feie noko under teppet – det vil alltid gnaga. Og er det heilt utenkjeleg å få born, finnest der noko kalla adopsjon…

Til oss kristne, vi må taka med det kjære Guds barn som ligg i kvar ei gravid kvinnes mage inn i bøna vår, og au den kvinna som ber barnet så klart!

Eg er nok ikkje ferdig med abortspørsmålet på bloggen med dette.

50 års markering

Eg har i dag gjenfortalt denne leiarartikkelen frå bladet Heimemisjonen, den tykte eg var god – og viktig, så eg fekk krinsleiaren i Sunnmør Indremisjon til å sende han over nettet – takk for det.

Leiar i Heimemisjonen nr 13/10

Av Karl Arne Austnes, krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon

11. november i år var det 50 år sidan den første abort-lova vart vedteken i Stortinget. Vi markerer såleis eit anti-jubileum i desse dagar. For det er ingen grunn til å juble over dei ulike abortlovene vi har hatt desse åra, snarare er det grunn til sorg og ettertanke.

Bibelen seier klart at mennesket er skapt i Guds bilde og har eit ukrenkeleg menneskeverd. Dette menneskeverdet gjeld også fosteret, i salme 139 ,16 står det: ”Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen.”. I vers 13 i same salmen står det at Gud har forma oss i mors liv. Dette gir oss som kristne eit klart mandat til å kjempe mot abortlova og for at borna skal få leve.

Spørsmålet om abort er ikkje lett og mange kvinner vert utsett for eit umenneskeleg press, men vi finn det rett å minne om at ein ikkje må løyse sosiale problem med å ta liv. Difor må vi som kjemper for fosteret sitt rettsvern også vere truverdige på den måten at vi ikkje er seine med å hjelpe vanskelegstilte gravide som vel å føde barnet. Vår oppgåve er ikkje å fordøme og vende oss bort frå jenter som blir gravide utanfor ekteskap, men å hjelpe dei å ta hand om barnet. Det er også viktig at vi er tydeleg på det ansvaret barnefaren og andre rundt kvinna har for at fosteret skal få leve.

Det er lett å bli passiv og resignert i denne saka, vi blir så fort opptatt av ”måten” kampen vert ført på og slik trekkjer vi oss unna. Difor vi eg nytte høve til å takke tidlegare sokneprest Børre Knutsen for hans utrettelege kamp for barnet i mors liv. Han var den første som tok konsekvensen av den ugudelege lova og trekte tilbake den statlege embetseden sin. For dette har han måtte tole fengsel og mykje motgang, men i eit historisk perspektiv lyser det av den innsatsen han har gjort.