50 års markering

Eg har i dag gjenfortalt denne leiarartikkelen frå bladet Heimemisjonen, den tykte eg var god – og viktig, så eg fekk krinsleiaren i Sunnmør Indremisjon til å sende han over nettet – takk for det.

Leiar i Heimemisjonen nr 13/10

Av Karl Arne Austnes, krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon

11. november i år var det 50 år sidan den første abort-lova vart vedteken i Stortinget. Vi markerer såleis eit anti-jubileum i desse dagar. For det er ingen grunn til å juble over dei ulike abortlovene vi har hatt desse åra, snarare er det grunn til sorg og ettertanke.

Bibelen seier klart at mennesket er skapt i Guds bilde og har eit ukrenkeleg menneskeverd. Dette menneskeverdet gjeld også fosteret, i salme 139 ,16 står det: ”Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen.”. I vers 13 i same salmen står det at Gud har forma oss i mors liv. Dette gir oss som kristne eit klart mandat til å kjempe mot abortlova og for at borna skal få leve.

Spørsmålet om abort er ikkje lett og mange kvinner vert utsett for eit umenneskeleg press, men vi finn det rett å minne om at ein ikkje må løyse sosiale problem med å ta liv. Difor må vi som kjemper for fosteret sitt rettsvern også vere truverdige på den måten at vi ikkje er seine med å hjelpe vanskelegstilte gravide som vel å føde barnet. Vår oppgåve er ikkje å fordøme og vende oss bort frå jenter som blir gravide utanfor ekteskap, men å hjelpe dei å ta hand om barnet. Det er også viktig at vi er tydeleg på det ansvaret barnefaren og andre rundt kvinna har for at fosteret skal få leve.

Det er lett å bli passiv og resignert i denne saka, vi blir så fort opptatt av ”måten” kampen vert ført på og slik trekkjer vi oss unna. Difor vi eg nytte høve til å takke tidlegare sokneprest Børre Knutsen for hans utrettelege kamp for barnet i mors liv. Han var den første som tok konsekvensen av den ugudelege lova og trekte tilbake den statlege embetseden sin. For dette har han måtte tole fengsel og mykje motgang, men i eit historisk perspektiv lyser det av den innsatsen han har gjort.